I dag åpner Flye 1389

Nå opnar Statens vegvesen den nye fjellkaféen langs Nasjonal turistveg Valdresflye. Den er også eit utsiktspunkt.

Flye 1389 er eit godt utgangspunkt for turar til fots eller på ski. Illustrasjon – Knut Hjeltnes Sivilarkitekter MNAL.

På det høgaste punktet på Nasjonal turistveg Valdresflye og med utsikt i alle himmelretningar, ligg Flye 1389. I kafeen får gjestene servert lokal mat frå Valdres og Gudbrandsdalen mens dei nyt utsikta mot Besshøe, Høgdebrotet, Tjønnholstinden, Rasletinden og andre toppar.

Flye 1389 er bygd på tomta til Valdresflya Vandrerhjem og har sitjeplassar for 40 gjester. Bygget inneheld kafé med kjøkken og salsareal, fire toalett og eit lite personalrom. Fjellkafeen skal drivast av Den Norske Turistforeininga og vertskapet på Gjendesheim Turisthytte.

Tak og vegger har kledning i malmfuru og tresjiktplater av gran. Ver og vind sørgjer for ein naturleg gråfarge slik at bygget vil gå i eitt med den karrige høgfjellsnaturen. Foto: Werner Harstad/ Statens vegvesen.

Uteområdet har to tilrettelagde område med sitjebenkar for uteservering og rast. For å unngå uønska slitasje i landskapet har området fått ny inn- og utkøyring og ein større gruslagt parkeringsplass med ladestasjon for el-bil. Kafeen er tilgjengeleg for rullestol.

Nasjonal turistveg Valdresflye fekk sine første utsiktspunkt Rjupa og Vargebakkane på kvar side av fjellet i 2005/2006. Statens vegvesen har også gjort mindre tiltak på utvalde småstopp, blant anna ved starten av fotturen til Bitihorn. Kunstverket “Rock on Top of Another Rock” av Peter Fischli og David Weiss kom på plass i 2012. Første byggetrinn på Gjende/Reinsvangen blei opna i 2019.

Prosjektet Flye 1389 er saman med utbygginga ved Gjende, Vøringsfossen og Torghatten dei største tiltaka som inngår i satsinga på Nasjonale turistvegar framover mot 2023, alle med økonomisk medverknad frå fylke og kommunar, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Tekst: Redaksjonen

Del dette med andre:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *