Arbeidet med Skjervet i Hardanger starter nå

Ved foten av Skjervsfossen får besøkande komma i verkeleg nærkontakt med det våte element. Illustrasjon: Østengen og Bergo.

Ved foten av Skjervsfossen får besøkande komma i verkeleg nærkontakt med det våte element. Illustrasjon: Østengen og Bergo.

Med hjelp av sherpaer frå Nepal skal Staten vegvesen gjere Skjervet med Skjervsfossen til ein enda større turistattraksjon. Innan eit år er større parkering, flotte naturvandringar og eit spenstig toalettbygg på plass.

Skjervsfossen er ein stor naturattraksjon ved ein av innfallsportane til Nasjonal turistveg Hardanger, men fossen er vanskeleg tilgjengeleg i dag. Eksisterande rasteplass på toppen av fossen er lite attraktiv, og det er ikkje lagt til rette for besøkande å oppleva fossen, heiter det i ei pressemelding frå Turistvegseksjonen i Statens vegvesen.

Ved Skjervsfossen skal det byggjast eit nytt og særprega servicebygg, heilt i kanten på elva, på rasteplassen. Bygget vert ei høg, smal klippe, med tak og ytterveggar kledd i skifer. Illustrasjon: Fortunen.

Ved Skjervsfossen skal det byggjast eit nytt og særprega servicebygg, heilt i kanten på elva, på rasteplassen. Bygget vert ei høg, smal klippe, med tak og ytterveggar kledd i skifer. Illustrasjon: Fortunen.

Planane for utbygginga går ut på å rusta opp den gamle rasteplassen på toppen av Skjervet med blant anna eit nytt spennande toalettbygg. Det blir og laga tilkomst frå plassen ut til eit luftig utsiktspunkt kalla «Kanten» der Skjervsfossen stuper ned i juvet.
Frå utsiktspunktet «Kanten» skal det lagast gangveg ned til to andre utsiktspunkt kalla «Hylla» og «Nedre hylla» og sti vidare ned til kontakt med ny tilkomst frå køyrevegen og inn til foten av fossen – eller «Dusjen» som dette tiltaket er kalla.
Aakerholt, Steen & Lund AS er kontraktert om dette oppdraget og dei skal nytta sherpaer frå Nepal til det krevjande arbeidet med bygging av natursti ned til fossen.
Planlegginga er utført av Østengen og Bergo landskapsarkitektar, Fortunen arkitektar og Node Rådgivande Ing. Utbygginga skal stå ferdig i november 2015.

Del dette med andre:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *